Startsiden Barndom Ungdom Voksen Alderdom Bilder Artikler Nyhetsarkiv Kunnskapsløftet Om Namdalseid Om Kvinnespor Kontakt
Du er her: Startsiden > Alderdom > Begravelse

ALDERDOM, BEGRAVELSE (67-100 år)

Gamle skikker, begravelse

Redigert av Siv Randi Kolstad

Ved dødsfall i familien ventet ei travel uke for familien til den avdøde. Ragnhild Sæther forteller dette om gamle begravelsesskikker:

”Det er bestefar som har gått bort, han sovna berre inn ein varm sommardag. Stueklokka vart stansa, eit lys vart satt i vindauga, og flagget vart heist på halv stang. Vemodet måtte ikkje få overtaket, no måtte ein berre få gjort alt på beste måte.

Snart var naboar på døra, dei ville så gjerne vera til hjelp. Ei kone tok på seg å gjera siste stellet, og ein kar ville laga Æres-porten. Bearen vart bodsendt, det vart laga ei liste over gjester, matmødre, kaffeskjenkarar, koppvaskar og så 3 personar til å synge ved høgtida. Presten kunne ikkje koma, men klokkaren skulle gjera det han hadde fullmakt til. Dermed måtte dei 3 skuffer jord vente til ei preikhelg. Kiste og svøp var henta, og eit hjørne av låven var reingjort og pynta, for der skulle bestefar kvile til dagen kom. No kom turen til slaktaren og kokka. Ein fin liten okstapp vart til velsmakande gjestebodskost, og kokka kunne sitt fag. Det vart frikasé til frukosten, bollar til soddet, steik og kjøttkaker. Heldigvis var det gode kjellarar. Det vart brygga og baka og gjort reint i huset. Naboar lånte ut både møblar og husgeråd.

Så kom gravferdsdagen. Ærespost ved hovudtrappa og små graner i tunet. Folket var bedt til frukost, dei vart teke imot av Kjymeistern. Alle speil var tildekte. Gjestene gjekk ein stille runde i låverommetfør lokket vart lagt på og kista sett inn i stua. Denne gongen var det altså klokkaren som forretta, og dei 3 songarane song ei salme. Båra vart sett i Æresporten, og det vart skjenkt kjerk-kaffe. Det tok lang tid med gangfart den lange vegen, forbi dei mange barstrødde vegkryssa.

Etterpå var det middag med sodd, fiskepudding, steik og kjøttkaker. Bordet var pynta med bordkaker som gjestene hadde med seg. Dei vart teke ut og servert til desserten, som helst var moltekrem. Utover kvelden var det også kaffe og kveldsmat. Dagen etter var gjerne dei næraste samla, sammen med alle som hadde vore til hjelp på ymse vis. (...) ”

Fra Årsskrift for Beitstaden Historielag nr 17, 1996, side 43, gjengitt med tillatelse fra Beitstaden Historielag

  forrige < > neste

BILDEINDEX, BEGRAVELSE
Her finner du en oversikt over alle bildene knyttet til kategorien «Begravelse».

Få oversikt over alle bildene på kvinnespor.

Gravferd etter Mortinus Elden, Helbostad. Bildet tatt på Korsen 1916 Gravferd etter Elias Furre (1856-1933) på Hundset. Prest Aanderaa. Gravferd i Sve, etter Normand Nilsen Sve mens tuberkulosen herjet, 1923. Gravferd etter Anna Sve på Betel, Tøtdal 1940
Gravferd på Brørs etter Martine Kalnes Hellesø i 1926 Gravferd etter Anna Staven (1874-1935) Gravferd etter Inga Berre (1862-1935) på Øver-Berre Gravferd etter Nils Tinglum (1883-1934) på Tinglum
Gravferd etter Bernhard Elden (1872-1929) på Helbostad Gravferd etter Paul Anzjøn (1846-1906) på  Årgård Albertine Gryttens begravelse fra Aldersheimen, 1946