Startsiden Barndom Ungdom Voksen Alderdom Bilder Artikler Nyhetsarkiv Kunnskapsløftet Om Namdalseid Om Kvinnespor Kontakt
Du er her: Startsiden > Voksen > Krig

VOKSEN, KRIG (25-67 år)

Elen Skars dagbok for 9.april - 14. juli 1940

Redigert av Siv Randi Kolstad

(Fra Årsskrift 2000 for Beitstaden Historielag, side 87 - 97, gjengitt med tillatelse fra Beitstaden Historielag)

 Krigen i Norge 1940

Tirsdag 9.april vart det meldi i radioen at tyskarane hadde besatt byane Trondheim, Bergen, Narvik, Egersund og Oslo. (...) Kongen og regjeringa rømte frå Oslo då dei ikkje ville godkjenna dei tyska krava. Til Trondheim kom dei (tyskarane) inn utan noko mottak. Kom dit i 4-tida om morgonen og gjekk straks på land og stelte seg opp alle stader. (...)

Natta til den 14.april kom det ordre hit at karane skulde møte i Tørringdalen straks med øks og sag. (...) I alt møtte mellom 60 og 70 mann. Dei felte skog over vegen og drog over tømmerlunnar som låg på vegkanten. Dei arbeidde i 3 timar og kom heim i halv 4-tida. So vart det sett vakt både på søre og nordre enden av sperringa, og ingen hadde lov å fara forbi utan pass frå lensmannen. (...) Verdals-brua hadde vorte øydelagt natta før, så det var ikkje noko tog som gjekk. Dei vilde stengja so ikkje tyskarane skulde koma med toget nordover, og sjøvegen var og stengt, for det låg is i fjorden. Men Værnes flygeplass hadde tyskarane fått noko straks.

Måndag 15. (...) Engelskmennene hev no landsett tropper på Namsos. Dei skal kome landevegen sørover.

Laurdag 20. byrje flygemaskinar tura i nitida om morgonen. Dei gjekk i flokk og følge nordover. Da det leid på dagen, vart det fortalt at Namsos sto i brann. Dei hadde vori der og bomba byen og engelske båtar som låg utanføre. Dei fortel det skal vera berre sjukehuset som står att.

Sundag 21. bar det til med same flyginga. Men da kretsa dei så mykje rundt om kring husa her at vi trudde dei hadde tenkt å koma ned. I tre-fire-tida fekk me sjå ein skybanke sørover som me tykte såg so mistenkjeleg ut, og me såg fly som kretsa rundt borti denne skya. Det var Steinkjer som sto i brann etter bombeåtak. Det var vel brukt både spreng og brannbomber. Det vart skote med maskingevær frå fly mot bilar nedmed Osberga. Det er engelskmenn både i skolstua og Granheim og Sprova og elles litt allstad sørover.

Tirsdag 23. kom Arvid Kolstad straks eg var kome opp og vilde ha Karl til å kome og hjelpa seg og flytte familien. Dei hadde fått ordre om å flytte vekk frå vegen. Åsta var liggande, hadde fått ei dotter om natta, så dei måtte reia opp på sleden og køyra ho innover til Vanebo. Hos Alfred Melland byrja dei straks å køyra utor husa matvarer og alt slag. Dei evakuerte til sommarfjøset som står eit stykke frå garden. Det vart fortalt at tyskarane var komne til Dyrstad. Vi pakka og noko og sendte ut i sommarfjøset hos Alfred. Vi tenkte vi måtte take skiene fatt og reise ut i Åenget til ei høybu vi hadde der, men ser ikkje stor råd for å reise frå dyra heller, så vi får vel vere i mak i det lengste. Det viste seg da det leid på dagen at det var falsk alarm. Det er vel i allefall ikkje kome tyskarar nord om Steinkjer.

Onsdag 24. I dag kjøyrer dei av varene hos Magne Melland dei lagrer et no i garasjen hos Alfred Melland, og so fortel dei at tyskarane er komne til Veldemælen. Husa hos Magne Melland er fullt besatt av engelskmenn. Dei hadde kome i morges tidlig, rømande sørfrå, vert det sagt. Kva som er sant er ikkje godt å vita. Dei låg både i uthusa og inne. Magne hadde kome heimatt i gårkveld, elles er familien evakuert til fjellbygda på Namdalseid. (...)

Fredag. I dag kom ein patrulje 5 tyskarar på sykkel innover mot Hjellnesset. 1 vart såra, 1 vart fanga. Dei 3 andre rømte attende. (...) Engelskmennene hev stelt opp maskingevær i vindauga på Skjæringa. (...)

Måndag. I dag kom det 3 fly og flaug nordaustover litt før klokka 6. (...) I ellevetida høyrde me dei skaut med mitraljøser, og tunge drøn visstnok etter bomber som dei kasta ein stad nordanfor. I nonstida for det eit sørover som skaut fleire gonger, visstnok mellom handelsmann Melland og Osberget. (...)

Tirsdag 30. I dag hev det og fare fly heile dagen. Kor mange veit eg ikkje, men det er visst noko liknande som i går. Nordover dundrar det av skot, og det må visst vera luftvern vi ser i arbeid, for det kjem opp små svart flekker som etterpå jamnar seg ut som røyktappar på himmelen. Vi trur det brenn nokon stad på Namdalseid, enten det er samvirkelaget eller noko anna, veit vi ikkje, men vi såg i middagstida det kom opp røyk der ein stad.

Onsdag 1.mai. (...) Det hev vore 12 tyskarar borte ved sperringa ved Hjellnesset, men da det ikkje var franskmenner til stades, for dei velberga attende. Franskmennene pakkar i hop og fer nordover, enten dei er redd for dei syklande tyskarane, eller det er nokon annan orsak, veit vi ikkje.

Fredag 3. mai. Da eg i dag kom opp i sekstida, var det grått av røyk nordover. Det hadde brunne hos Kristian Aune. Dei hev mist alt dei hadde, krøttera hev brunne inne, og folket måtte hoppa ut vindauget for å berga livet. Kva brandårsaka er, veit ingen. Flygemaskinane går i dag svært lågt. (...) Klokka halv 10 kveld. Me sit i kjøkenet og er nett ferdig til å gå og legge oss da eg ser Gotfred kjem springande. "Kva er det som no står på?" segjer vi. "Hev dykk høyrt siste nytt?" segjer han. Nei, vi visste ikkje kva det var, vi trudde det var varme laus nokonstads att. "Dykk kan vera med ut, ska dykk få høyra", sa han. "Krigen er slut. Norge er selt til Tyskland," og no høyrde me tyskarane ned på ålmannvegen, dei song og jubla so det lydde millom fjella. Ein norsk general hadde fare sørover med ein bil med kvitt flagg og skulle vel tinga med tyskarane. Engelsk- og franskmennene hadde rømt til Namsos, utan noko trefning med tyskarane, og hadde gått ombord i båtane og reist sin kos, og da såg vel ikkje dei fåe norske troppane å greia seg åleine. Det er desse flya som er det verste. Ein er aldeles hjelpelaus mot dei. Franskmennene hadde før dei reiste sprengt Årgårdsbrua i lufta og likeeins Straumbrua ved Bangsund. Det var vel så vi skulde ha eit lite minne om deira besøk og, for det var visst det einaste dei gjorde som viste noko.

Sundag 5te mai. Det var ein 5-600 tyskarar som for nordover fredagskvelden, segjer dei. Dei hadde både hestar og ei mengd med bilar, kanonar og diverse som dei treng til å føra krig. I gårkveld heldt dte fram med å fara enda fleire nordover. Det er ikkje visst at all nordanfor hev gjeve opp enda. Men dei fortel at soldatane her ikkje hadde ammunisjon til å slåst med til meir enn ein dag, og da var det ikkje stort anna å gjera enn å gjeva seg over. Ved Narvik slest dei visst enda, og likeeins på ymse stader sørover i landet. (...)

Måndag 6. I går var eg og Karl på Kolstad ein tur. Det var fredeleg å fara nordover. Me såg ikkje nokon tyskar. Men sidan på dagen gjekk det fullasta bilar alt i eitt, og da me sykla heim, møtte me nokre som såg ut til å hava det svært travelt. Det var mykje sprengbomber som var kasta da Namdalseid meieri brann opp. Dei hadde byrja å kasta bomber på garden Skardet, og so hadde dei kasta nokre nedi Bjørgmyrane og sidan oppover til meieriet og samvirkelaget. Dei hev køyrt ut det meste av varene på samvirkelaget og opna handel på Kaldal hos Magne Hellesø. Det ser ikkje ut på troppetransporten til tyskarane at det skal verta fred så snart, og ikkje hev dei høyrt noko meire til bilen med det kvite flagget som for sør heller.

Hegra festning hev i går gjeve seg over. Flyginga held fram med noko same styrken. Dei går til dels nokso lågt. I dag var det eit fly som var heilt borte bak telltoppane nedpå Aunåsen. Dei fortel det kom 6 stk i går som hadde rømt nordanfrå. Dei hadde visst vori med i vakt i Rødhammerberga. Dei hadde fått på seg sivilklæde, men dei fortel at i alle fall ein av deim måtte klæda av seg heilt til skinnet da dei møtte tyskarane. Skorne hadde dei teke av honom, så han måtte gå utan sko. (...)

Onsdag 8.mai. Martin var i dag heime ein tur. Han fortel at det er oberst Getz som hev overgjeve seg. Han var førar for infanteriet, og dei hadde ikkje løyst skot på tyskarane, for han passa på å draga dei attende når tyskarane var ventande. Kavaleriet under oberst Vettre held fram med kampane, men det kan da vere vonlaust for dei å vinna når dei andre er forrædarar.

Sundag 12. mai. 1ste pinsedag. Det ligg mykje snø enda og det er nokso surt og kaldt ver, so det er ikkje godt å vita når ein fær gjera noko våronn. Ein som hev vore mobilisert kom heim torsdag. Han hadde vorte teke til fange ved Sunnan ein av dei fyrste dagane dei var der, og hadde vorte sendt til Trondheim. Der hadde han budd på Katedralskolen og havt det svært greidt saman med tyskarane. Dei var ikkje der som fangar, men som Norvegian-kamerater, fortel han, (tysk propaganda, red.anm.) så han er heilt oppglødd for tyskarane. Far hans likeså, så det er no slik at ein kan ikkje våga seg til å segja kva ein vil lenger.



Spørsmål

Hva synes fortelleren om innsatsen til engelskmennene og franskmennene?

Hva mener hun med det hun forteller 12.mai? Hvorfor kunne de ikke lenger våge å si hva de ville?

Kjenner du til saker i Norge i de siste årene hvor ytringsfriheten har vært truet eller diskutert?

  forrige < > neste

BILDEINDEX, KRIG
Her finner du en oversikt over alle bildene knyttet til kategorien «Krig».

Få oversikt over alle bildene på kvinnespor.

Namdalseid meieri under nybygginga etter bombinga i 1940 Frigjøringsdagen 8. mai 1945, feiring på Øver-Elda Feiring av freden 8. mai 1945 på Hundset Kong Håkon ved Bjørgan skole i 1946
Besøk av Kong Haakon 7 i 1946 Slåttonn på Statland under siste krig Langvassheimen 1942. Besøk av musikklag og sangkor